NORGESLØPET 2022

UTSATT PÅMELDINGSFRIST

Arrangøren av Norgesløpet 2022, Køyretøyhistorisk klubb Voss, har nettopp publisert følgende informasjon:


Køyretøy Historisk Klubb Voss inviterer til Norgesløpet VossaRudl'n 2022

Me har gleda av å invitera til veteranhelg på Voss i pinsehelga 2022.

Med atterhald om endringar i smittesituasjonen og eventuelle nye smittevernsrestriksjonar.

Situasjonen endrar seg frå veke til veke, og arrangøren vil nødig vera grobotn for smitteutbrot og brot på smittevernsreglar. Me har difor utsett opning av påmelding til 1. april.

Dersom det innan den tid er endringar som gjer at løpet ikkje let seg gjennomføra, opnar me ikkje for påmelding. Dersom me opnar for påmelding vil smittesituasjonen og eventuelle restriksjonar setje tak på kor mange deltakarar me kan ha. Me stengjer difor påmeldinga når maks antal deltakarar er nådd.

Førebels program

FREDAG 3. JUNI

For dykk som kjem fredag vil det vera sosial samkoma på kvelden.

Middag og omvising Smalahovetunet AS

Me tek sikte på at de får høve til å parkera køyretøyet på startområdet allereie på fredag ettermiddag.

LAURDAG 4. JUNI

Laurdag er løpsdagen og Norgesløpet VossaRudl’n 2022 vert gjennomført.

Oppstilling ved Vangsvatnet og gjennomføring etter same lest som tidlegare. Me gjer merksam på at alle deltakarar må innom alle oppgåvepostar, lunsj og fotopost for å fullføra løpet.

Målgang ved løpshotellet Stalheim Hotel. Avsluttar med løpsfest, premieutdeling, festmiddag

SUNDAG 5. JUNI

Me inviterer deltakarane til ulike aktivitetar.

Program for sundagen vil verta annonsert i god tid før påmeldinga startar.

Middag på Stalheim Hotel for deltakarar og gjester

MÅNDAG 6. JUNI

Frukost, drøs, avskjed og heimreis.

Påmelding, prisar og betaling:

Påmelding til løpet er elektronisk, via deltager.no

Deltakaravgifta er i år kr 750 kr, dette inkluderer lunsj for sjåfør.

Lunsj for passasjer samt andre organiserte aktivitetar kjem i tillegg, sjå påmeldingsskjema.

Det er viktig at du les påmeldingsskjema og orientering godt og fyller ut korrekt informasjon.

Køyretøy med årsmodell til og med 1992 kan delta. Maksimalt antal deltakande køyretøy er sett til 170

(med atterhald om endringar i smittesituasjonen og restriksjonar frå FHI/regjeringa)

Overnatting:

Alle deltakarar må bestilla overnatting sjølve.

Ved betalt påmelding vil du motta ein sms/e-post med eit referansenummer.

Dette referansenummeret må du ha for å bestilla hotellrom ved Stalheim Hotel.

Det er ikkje mogeleg å bestilla overnatting ved løpshotellet før du har plass i løpet.

Påmelding opnar 1. april 2022.

Frist for påmelding 1. mai 2022, med atterhald om framleis ledig plass.

Velkomne til Voss i pinsehelga 2022



[Tilbake]